tirsdag 25. mai 2010

Ord og utrykk frå gamledagar!

Før i tida brukte folk andre ord enn kva me brukar. Sjølvsagt har meg ein del av dei same orda enda. Men verda forandrar seg, og det gjer me også.

Eg trur at me blir meir og meir tiltrukken av andre land. Me brukar meir og meir engelsk i dagleg talen vår, og me brukar mykje engelske utrykk, som feks "please". Dette gjer at me erstattar norske ord med engelske, eller mer moderne ord. Etter at me fekk data og mobil har me laga vårt eiga språk som heiter mobil språk. Her tar me ord og forkortar dei. Feks "dkke", "brb", e9".

Men for å gå tilbake til ord og utrykk som de brukte før. De gamle kjem ofte med ord som me ikkje kjenner igjen. Ord som dette er feks trynesleikja. raukvilevippa og trosskådel. Når me går på besøk til besteforeldra våre, snakkar dei ofte om gamledagar som dei kallar det. Dei brukar ord som me kan le oss i hel av. Og dei klagar på orda me brukar i dag.

Me blir påvirka av tv og internett. Me ser seriar, filmar, programmer osv som er på engelsk. Då blir me påvirka, og me tar igjen ord som me høyrer. Dette er vel den største grunnen til at orda endrar seg, og at dei gamle dett ut. Eg trur at om ein del år, så vil det kun bli brukt engelsk. Norsk og andre språk trur eg fer ut.

1 kommentar:

Elin Salvesen sa...

Saknar at du nemner nokre fleire gamle uttrykk (har du høyrt nokon faktisk bruke ordet "trynesleikja"?), men elles oppsummerer du bra. Skilnadene ligg ikkje berre i orda dei gamle brukar, men også i grammatikken. Endingar og andre bøygningsformer forvinn gradvis. Der t.d. nokre gamle seier "nøkjelen" eller "takje", seier dei unge "nøkkelen" og "take".